Her finn du tips til ting som kan vere lurt å få på plass før skulen startar.
PC
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC.
Er du ny vg1-elev kan du benytte deg av tilbodet om å kjøpe ein rimeleg elev-PC gjennom Vestland fylkeskommune. Merk at tilbodet må nyttast innan utgangen av desember 2024.
Skuleskyss
Dersom du har meir enn seks kilometer skuleveg (målt langs kortaste farbare veg) kan du søke om gratis skuleskyss. Hak av for at du ynskjer skuleskyssbillett på mobil, då får du billetten tilgjengeleg i app i staden for som skysskort.
For deg som ikkje har rett på gratis skuleskyss, men likevel ynskjer å benytte deg av buss, anbefalast det å kjøpe ungdomsbillett.
Dersom du har funskjonshemming eller varig sjukdom, eller dersom du ikkje har kollektivtilbod på ei strekning der du har rett til skyss, kan du ha rett på tilrettelagt skuleskyss.
Søke stipend
- Alle elevar i vidaregåande skule får utstyrsstipend.
- Skal du bu vekke frå foreldra dine kan du ha rett på bortebuarstipend.
- Har familien din svak økonomi kan du ha rett på inntektsavhengig stipend.
Samtlege stipend søkast om i same søknaden i Lånekassen.