- Bygg- og anleggsteknikk
- Helse- og oppvekstfag
- Naturbruk
- Restaurant- og matfag
- Studiespesialisering
- TAF/YSK-modellen
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkomen til skulen vår
Måløy vidaregåande skule er ein mangfaldig og framtidsretta skule. Hos oss kan du velje mellom fleire ulike yrkesfag, studiespesialisering og TAF/YSK, noko som gjer at du vil oppleve eit rikt og spennande miljø. Vi er særleg kjend for vårt tilbod innan marine og maritime fag, og er den einaste vidaregåande skulen i nordre del av Vestland som tilbyr maritime fag.
Open skule
Kvar måndag og torsdag held skulen ope fram til klokka 19. Her kan du mellom anna få gratis middag, ta deg ei treningsøkt, delta på open verkstad og mykje meir.
Har du fått deg elev-PC?
Alle elevar på vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimelig PC gjennom Vestland fylkeskommune. Merk at tilbodet må nyttast innan utgangen av desember 2025.Aktuelle saker
06.08.2025
Velkomen til nytt skuleår!
Her finn du informasjon om første skuledag og tips til nokre ting som kan vere lurt å få på plass før skulen startar.

08.07.2025
Førebuing til nytt skuleår
Før skulen startar 18. august er det nokre ting som kan vere lurt å få på plass. Her finn du tips om PC, skyss, stipend og særlege ting retta mot deg som skal bli hybelbuar.
06.06.2025
Fransk samarbeid
Denne våren har Måløy vidaregåande hatt eit samarbeid med den franske skulen Lycée de la Mer Paul Bosquet i Sète, ein skule som ligg ved Middelhavet og har utdanning innan marine og maritime fag. I to heile dagar fekk vi lære av kvarandre, dele erfar...
