Hopp til hovedinnhold

TAF/YSK-modellen

Elev som står ved eit fiskeopdrett

TAF/YSK-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.

Kvifor velje TAF/YSK-modellen?

Dersom du er motivert og arbeidssam, og likar realfag som matematikk, fysikk og kjemi - då kan dette vere noko for deg! Dette er ei 4-årig utdanning som kombinerar skule og arbeid, og du får lærlingløn frå første dag. Utdanninga gir eit særs godt grunnlag for vidare studiar i Noreg eller utlandet. 

 

Vi tilbyr

Hos oss har vi tre ulike retningar du kan velje mellom innan TAF/YSK:

  • Akvakultur
  • Helsearbeidarfag
  • Industriteknologi

Akvakultur

Oppdrett av ulike fiskeartar er ei av Noregs viktigaste næringar, og denne næringa vil i framtida berre fortsette å vekse. I løpet av studiet vil du lære om oppdrett av fisk, biologi, teknologi, fiskefôr, fiskehelse, bedriftslære, økonomi, miljø og tryggleik.

Programfag

Dette skuleåret har du dei yrkesretta programfaga anlegg og teknikk, biologi og miljø og drift og produksjon. Utdanninga byggjer på at det skal vere ei berekraftig næring som birdrar til vekst og verdiskaping. Gjennom skuleåret vil du få den kompetasen du treng for å arbeide med god ressursforvalting, berekraft og fiskevelferd. Du vil også lære å handtere båt. 

Læreplan i vg2 akvakultur.

 

Praksis

Kva praksis du har avheng av kva fagbrev du vel. På YSK startar læretida allereie første skuleåret, og du må difor tidleg velje kva fagbrev du ynskjer. Du kan velje mellom å bli fagoperatør i akvakultur eller havbruksteknikar. Du får prøve deg på ulike felt, slik at du skal kjenne deg sikker når du tek valet ditt. Du kan arbeide på oppdrettsanlegg, foringsanlegg, brønnbåtar,  forskning og RAS-anlegg.

Dei tre første skuleåra vil du i løpet av ei veke vere på skulen i tre dagar og på jobb i to dagar. Fjerde skuleåret er du to dagar på skulen og tre dagar på jobb. 

 

TAF/YSK-løpet

Dei to første åra av opplæringsløpet gjer du ferdig dei yrkesretta programfaga og dei grunnleggjande faga for studieførebuande. Tredje og fjerde året gjer du ferdig studieførebuande fag og realfaga du treng fordjuping i for å få spesiell studiekompetanse. Realfaga du må ha på YSK akvakultur er kjemi 1 og 2, matematikk R1 og fysikk 1. Mot slutten av fjerde året går du opp til fagprøve.

 

Vegen vidare

Etter at du har fullført YSK akvakultur kan du arbeide som fagarbeidar, og/eller du kan gå vidare på høgskule/universitet innan til dømes fiskehelse, øknomiske fag eller leiing.

Lurar du på noko?

Eg kan svare deg på spørsmål om TAF/YSK akvakultur.

Kariann Myklebust Fagerli

undervisningsstilling
Kariann Myklebust Fagerli

Helsearbeidarfag

Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske i alle aldrar. Oppgåvene dine vil mellom anna vere å drive miljøarbeid og å gi omsorg og praktisk pleie til menneske som treng det. Du utviklar empati og evna til samspel med menneske som har ulike hjelpebehov.

Programfag

I dei yrkesretta programfaga lærer du om korleis du skal kommunisere med, ha respekt for, gje omsorg og støtte til menneskje i ulike livssituasjonar. Du lærer om kroppens oppbygging og funksjon, tiltak som fremjar helse, sjukdomslære og å gje god og riktig sjukepleie. Du vil og få kunnskap om kosthald, hygiene, førstehjelp, aktivitetar som fremja livskvalitet og krav som vært stilt til ein profesjonell helsefagarbeidar. Gjennom teori på skulen og arbeid i praksis vil du bli bevisstgjort på kva det inneber å være eit godt medmenneske i møtet med andre i ulike livssituasjonar. Grunnleggjande verdiar i yrkesopplæringa er å møte andre med likeverd, likestilling, medverknad, toleranse og respekt uavhengig av kven ein er.

Læreplan vg2 helsearbeidarfag.

 

Praksis 

Du vil få praksis i ulike og varierte helseinstitusjonar i kommuna. Til dømes sjukeheim, heimetenesta, miljøtenesta og innan rehabilitering. I tillegg får du også ei kortare praksisperiode på sjukehus fjerde skuleår.

Dei tre første skuleåra vil du i løpet av ei veke vere på skulen i tre dagar og på jobb i to dagar. Fjerde skuleåret er du to dagar på skulen og tre dagar på jobb. 

 

TAF/YSK-løpet

Dei to første åra av opplæringsløpet gjer du ferdig dei yrkesretta programfaga og dei grunnleggjande faga for studieførebuande. Tredje og fjerde året gjer du ferdig studieførebuande fag og realfaga du treng fordjuping i for å få spesiell studiekompetanse. Realfaga du må ha på YSK helsearbeidarfaget er kjemi 1 og 2, matematikk R1 og fysikk 1. Mot slutten av fjerde året går du opp til fagprøve og tek fagbrev i helsearbeidarfaget.

 

Vegen vidare

Etter du har fullført YSK helsefarbeidarfaget kan du arbeide som helsefagarbeidar og/eller du kan studere vidare og ta høgare utdanning innan til dømes medisin, tannlege, fysioterapi, sjukepleie, vernepleie, klinisk ernæringsfysiologi og bioingeniør.

Lurar du på noko?

Vi kan svare deg på spørsmål om TAF/YSK helsearbeidarfag.

Elvida Grabus

undervisningsstilling
Elvida Grabus

Ida Gangeskar

undervisningsstilling
Ida Gangeskar

Industriteknologi

Industriteknologi handlar om å utvikle kompetanse innanfor teknologiske, produksjonsretta og utviklingsorienterte yrker. Faget er prega av den teknologiske utviklinga, med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosessar. Fagleg innsikt, praktiske ferdigheiter, nøyaktigheit og ordens- og sikkerheitsforståing er sentralt i faget.

Programfag

Dei yrkesretta pogramfaga teknologi og vedlikehold vil gje deg fagkompetanse som tilfredsstiller krav til høg teknisk standardisering, arbeidsprosedyrar og dokumentasjon Du vil få opplæring i bruk av ulike materialer, verktøy, teknikkar og maskiner, og du vil få ei oversikt over produksjonsprosessar og tverrfaglg kjennskap til fagområda i arbeidslivet. 

Læreplan i vg2 industriteknologi.

 

Praksis

Kva praksis du har avheng av kva fagbrev du vel. På YSK startar læretida allereie første skuleåret, og du må difor tidleg velje kva fagbrev du ynskjer. Innanfor industriteknologi har du heile 28 ulike fagbrev å velje mellom.


Dei tre første skuleåra vil du i løpet av ei veke vere på skulen i tre dagar og på jobb i to dagar. Fjerde skuleåret er du to dagar på skulen og tre dagar på jobb. 

 

TAF/YSK-løpet

Dei to første åra av opplæringsløpet gjer du ferdig dei yrkesretta programfaga og dei grunnleggjande faga for studieførebuande. Tredje og fjerde året gjer du ferdig studieførebuande fag og realfaga du treng fordjuping i for å få spesiell studiekompetanse. Realfaga du må ha på YSK industriteknologi er fysikk 1 og 2 og matematikk R1 og R2. Mot slutten av fjerde året går du opp til fagprøve.

 

Vegen vidare

Etter at du har fullført YSK industriteknologi kan du arbeide som fagarbeidar, og/eller du kan gå vidare på høgskule/universitet om du ynskjer det.

Lurar du på noko?

Eg kan svare deg på spørsmål om TAF/YSK industriteknologi.

Kåre Nordpoll

undervisningsstilling
Kåre Nordpoll

Søknadsprosess og inntak

1. Søk i Vigo 

2. Send eigen søknad på digitalt søknadsskjema innan 1. mars

3. Intervju 

4. Inntak

1. Søk i Vigo 

Innan fristen 1. mars.

 

2. Send eigen søknad på digitalt søknadsskjema innan 1. mars

Hugs å laste opp karakterane dine frå 1. termin og ein personleg søknadstekst. Sidan det er krav om fordjuping i realfag på TAF/YSK, er det viktig med eit godt grunnlag i matematikk og naturfag.

Digitalt søknadsskjema

 

3. Intervju

Bedrifter/kommunar mottek søknadane og gir tilbakemelding til skulen om kven dei ynskjer å invitere til intervju. Vi vil så langt det let seg gjere finne læreplasss i heimkommuna di, eller så nær denne at du kan bu heime når du er på arbeid. Du vil bli kontakta for intervju.

 

4. Inntak

Etter at intervju er gjennomført får skulen tilbakemelding frå bedrifter/kommunar om kven dei ynskjer å tilby læreplass. Likeins må vi få ei tilbakemelding frå deg om du ikkje ynskjer læreplass hos ei bedrift/kommune der du har vore til intervju. Skulen melder så inn til inntakskontoret. Dersom du etter dette ikkje får plass på TAF/YSK, vil andrevalet ditt bli omgjort til førsteval.

Du får beskjed om plass ved inntaket i juli.