Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Dei som tar fagbrev innan restaurant- og matfag på kjøkkenet saman med lærar

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar

Ynskjer du å ta vaksenopplæring?

Hausten 2024 starter Måløy vgs modulbasert utdanning for vaksne der ein kan ta fagbrev som kokk og ernæringskokk. Skulen samarbeidar med bedrifter innan fagområda, og gjer avtale om ulike læreplassar til vaksenopplæringa.

 

Mange jobbmoglegheiter

Ved å ta utdanning innan restaurant- og matfag vil du utdanne deg i ein bransje som vil trenge mange hender no og i framtida, og ein har mange jobbmoglegheiter etter fagbrev!

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsløpet og dei ulike fagbreva som er mogleg å ta. 

Meir informasjon om tilbodet vårt

Gjennomføring

Tilbodet er lagt opp etter dei nye modulbaserte læreplanane og Gloppenmodellen (Les meir om Gloppenmodellen her ).

Vi startar hausten med ein månad med opplæring på skulen (før-praksis), før alle vert utplassert i bedrift 4 dagar i veka, og har ein dag i veka på skule. Har du tidlegare praksis eller ønskjer å jobbe i skuleferiar kan dette vere med på å redusere opplæringstida. Vi reknar med at ein normalt vil kunne få fagbrev etter 3-4 år, for nokre kan tida verte kortare og for andre lenger.

Skulen vil i lag med NAV og opplæringskontor skaffe deg praksisplass og læreplass. Det er eit mål at du skal få tilbod om praksisplass så nært som mogeleg der du bur. 

 

 

Kven kan søkje ?

Tilbodet er særleg retta mot vaksne frå 19 år og oppover. Dersom du kan vise til realkompetanse vil det kunne føre til at du kan få praksis godkjent som del av opplæringa. Vi som jobbar ved Måløy vgs vil gjere alt vi kan for at du gjennom dette tilbodet skal kunne nå målet ditt om å skaffe deg kompetanse innanfor restaurant- og matfaga.

Søknad og inntak

Vaksne skal søkje elektronisk i Vigo.
Det er viktig at du i søknaden vel sluttkompetanse, endten som kokk eller ernæringskokk og at du i kommentarfeltet skriv inn at du søkjer opplæring på Måløy vgs.

Det er søknadsfrist 1. mars. Mellom 1. mars og skulestart kan det gjerast individuelle vurderingar. 

På Vestland fylkeskommune sine heimesider finn du meir informasjon om vidaregåande utdanning for vaksne og korleis du søkjer.