Hopp til hovedinnhold

Open skule

To dagar i veka held skulen open etter skuletid. Her kan du få deg middag, gjere lekser eller arbeide på verkstedet, spele spel eller trene, eller berre slappe av i lag med andre.

Når?

Måndag og torsdag kl. 15:40-20:00.

 

Tilbod og aktivitetar

På Open skule kan du finne på mykje kjekt. Her er ei liste over tilboda våre:

  • Gratis middag
  • Bordtennis
  • Sjakk
  • Brettspel og kort
  • Spele i gamingrommet
  • Treningsrom
  • Buldring
  • Open verkstad
  • Opent bibliotek

Ofte har vi ulike konkurranser og spel som quiz og bingo, og innimellom ulike temakveldar og kurs - alt etter elevane sine ønsker og innspel.

Kven er det for?

Open Skule blir mykje brukt av hybelbuarane, men er like mykje eit tilbod til fastbuande elevar og ungdom mellom 16-20 år, i tillegg til lærlingar i Kinn kommune. Alle er like hjarteleg velkomne.

Eg er her for deg!

Kom innom kontoret mitt, eller send meg ei melding.

Du finn meg på rom A219 i andre etasje i A-fløyen, og eg er her:

  • Måndag: 08:30-19:00
  • Onsdag: 08:30-12:30
  • Torsdag: 08:00 13:00
  • Fredag: 08:00-12:30

Lillian Løvold Lyng

Miljøkoordinator
Lillian Løvold Lyng