Hopp til hovedinnhold

Kantina

To personer med kokkeuniform som står på kjøkken

Kantina på skulen finn du i tilknytning til Nordfjordhallen. Kantina har opent kvar dag. Her kan du komme enten du vil kjøpe mat, ete, vere sosial, gjere skulearbeid eller bare slappe av.

Du kan velge mellom mykje sunn og god mat

Vi har ymse påsmurt brødmat, smoothies, frukt, heimebakst, pastasalat, yoghurt med granola og bær og ein rikhaldig salatbar. I tillegg vert det servert varmmat til lunsj nærmast kvar einaste dag. Vi har også eit godt utval av drikke, og ein dispenser med kaldt og friskt vatn til påfylling av eigne drikkeflasker.

 

Opningstider

  • Måndag kl. 08:00 - 15:00
  • Tysdag kl. 08:00 - 14:30
  • Onsdag kl. 08:00 - 15:00
  • Torsdag kl. 08:00 - 15:00
  • Fredag kl. 08:00 - 14:30 

Skulefrukost

Kvar morgon frå 08:00-08:30 kan du forsyne deg med gratis frukost. Utvalet varierar mellom brødmat, frokostblandingar og heimelaga havregrynsgraut.

 

Middag på Open skule

Kvar tysdag og torsdag kan du få middag etter skuletid på Open skule. Du må melde deg på via ei lenke på Teams innan kl. 11:00 same dag. 

 

Matsal på D-fløyen

På skulen har vi ei avdeling som ligg eit lite stykke unna kantina. Kvar dag frå 09:30 til 10:30 kjem kantina til D-fløyen.

Aktivitetar i kantina

I kantina finn du både kortstokk og fleire brettspel du og venene dine kan spele. Vi har også eit biljardbord som er veldig populært.

 

Kantineansvarleg

Nina Marie Jensen Birknes

kantinestyrar