Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Ein plakat med ordet vennskap skreven på og elev som skriver på

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Dersom du likar å jobbe med mennesker og set pris på å hjelpe andre, då kan helse- og oppvekstfag vere noko for deg! 

Du kan ta fagbrev som ambulansearbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 helse- og oppvekstfag som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss gå vidare på vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget. 

Vg1 helse- og oppvekstfag

Første året vil du lære om korleis gje omsorg til deg sjølv og andre mennesker. Du vil få grunnleggande kunnskap om korleis kroppen er bygd opp og fungerer, korleis ta vare på eiga og andre si helse, om ulike livsstilsjukdomar, kommunikasjon med mennesker i ulike livsfaser, om ulike yrker du kan utdanne deg til og korleis vere ein god yrkesutøvar.

Programfag

Det første året vil du ha dei yrkesretta programfaga helsefremjande arbeid, yrkesliv i helse- og oppvekstfag og kommunikasjon og samhandling. Vi har ein god kombinasjon av praktisk og teoretisk læringsarbeid. Vi har tilgang til både BUA-laboratorium og helse-laboratorium. På BUA-laben har vi formingsaktivitetar, teater og andre kreative opplegg. Og på helse-laben får du øve på bruk av sjukehussenger, personheisar, rullestolar og liknande. Vi har også eit stort fokus på kosthald og ernæring, og har praktisk arbeid på skulen sitt kjøkken om lag ein gong i veka. 

Læreplan vg1 helse- og oppvekstfag.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

 

Praksis

Vi har éin praksisdag i veka. Vanlege praksisplassar er barnehage, barneskule, skulefritidsordning, omsorgssenter, tannhelsetenesta og apotek.

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag

På vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag lærer du korleis du kan bidra til ein trygg og god oppvekst for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Du lærer mellom anna om utviklinga til barn og ungdom, og korleis legge til rette for og gjennomføre pedagogiske tilbod i ulike aldergrupper. Vidare lærer du å fremme fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.

Programfag

Det første året vil du ha dei yrkesretta programfaga pedagogisk arbeid, yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfaget og kommunikasjon og samhandling. Vi har mykje praktisk arbeid, både ute og inne. Vegg-i-vegg med klasserommet vårt har vi eit eige BUA-laboratoruim. Her har vi samlingar med lesing, sang og musikk, vi øver på gjennomføring av pedagogiske opplegg med leikar, teater og forskjellig kreativt formingsarbeid som maling, strikking og perling.

Læreplan i vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

Praksis

Vi har éin praksisdag i veka. Praksisperioden vert delt i to med ein periode på hausten og ein på våren. Du kan velje om du til dømes vil ha ein periode i barnehage og ein periode i skule, eller du kan same praksisen heile skuleåret om du heller ynskjer det. Skulen har nær kontakt med barnehagar og skular i nærområdet, og vil hjelpe deg med å finne ein praksisplass som passar for deg.

 

Vegen vidare som lærling

Etter fullført vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag kan du ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Les meir om yrket her.

Vegen vidare

Etter to år på skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Du kan også ta vg3 påbygg til generell studiekompetanse for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fullført fagbrev er du kvalifisert til å søke fagskuleutdanning. Ynskjer du å gå vidare på høgskule/universitet etter du har tatt fagbrev kan du ta vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.