Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar er på skulen tre dagar i veka, og du kan oppsøke ho når du treng det. Ho har teieplikt, tenesta er gratis og du får dokumentert fråver når du har vore hos ho. 

Kva kan du snakke med helsesjukepleiar om?

Oppgåva til helsesjukepleiar er å vere der for deg. Ingen sak er for lita og ingen spørsmål er dumme. 

Her er nokre eksempel på kva du kan snakke med helsesjukepleiar om:

  • vanskelege tankar, om du er trist eller lei
  • spørsmål om livsstil: søvnvanskar, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
  • konsentrasjonsvanskar eller lærevanskar
  • vanskelege heimeforhold, eller utfordringar med nokon i familien
  • opprette kontakt med andre helseinstansar, til dømes psykolog
  • utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep
  • vanskar med å bu i Noreg

Eg er her for deg!

Du kan komme innom kontoret og sjå om eg er ledig, eller du kan bestille time ved å ta kontakt på telefon eller e-post dersom du synast det er lettare.

Du finn meg på rom A217 i andre etasje i A-fløyen, og eg er her:

  • Måndag: 09:00-14:00
  • Onsdag: 09:00-14:00
  • Fredag: 09:00-11:30

Birgitte Wåge Nygård

Helsesjukepleiar
Birgitte Wåge Nygård

Andre nyttige tilbod