Hopp til hovedinnhold

Elevrådet

Elevrådet er skulen sitt viktigaste organ for elevmedverknad. Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.

Om elevrådet

Elevrådet representerer alle elevane på skulen, og består av éin tillitsvald frå kvar klasse. På skulen vår har vi til saman 23 tillitsvalde, og tre av desse er valde til elevrådsstyret. 

Elevrådet møtast ein gong i månaden. Elevrådskoordinator organiserar møta. Skuleleiinga er opptekne av at elevane skal bli høyrt i saker som er viktige for elevane. Styret blir invitert til møte med leiarteamet om lag to gonger i året, eller ved behov.

Møte i elevrådet gjev gyldig fråvær.

 

Har du ei sak du vil ta opp?

Ta kontakt tillitsvald i klassen din, nokon i elevrådsstyret eller elevrådskoordinator.

Elevrådsstyret 2022/2023

Olivier Smørdal Hjelmeland, 2TMFA

Malin Gangeskar Fure, 2YSK

Leif Magnar Haugland Horne, 1BAA

 

Elevrådskoordinator

 

Eg legg til rette for elevrådsarbeidet.

Spør meg om du lurar på noko!

Lillian Løvold Lyng

Miljøkoordinator
Lillian Løvold Lyng