Hopp til hovedinnhold
Området til Måløy vidaregåande skule

Velkomen til skulen vår

Måløy vidaregåande skule er ein mangfaldig og framtidsretta skule. Hos oss kan du velje mellom fleire ulike yrkesfag, studiespesialisering og TAF/YSK, noko som gjer at du vil oppleve eit rikt og spennande miljø. Vi er særleg kjend for vårt tilbod innan marine og maritime fag, og er den einaste vidaregåande skulen i nordre del av Vestland som tilbyr maritime fag.

Open skule

Kvar måndag og torsdag held skulen ope fram til klokka 19. Her kan du mellom anna få gratis middag, ta deg ei treningsøkt, delta på open verkstad og mykje meir.
Hybelrom med seng, TV, skrivepult og gitar.

Bur du på hybel?

Her på skulen er vi godt vande med å ta i mot hybelungdom. Om lag 1 av 3 av elevane våre bur på hybel, og vi gjer mykje for at kvar enkelt skal trivs og ha det godt.

Aktuelle saker

26.02.2025

Framflytkonferansen - av ungdom for ungdom

Den elevdrevne Framflytkonferansen 2025 ved Måløy vgs er vel gjennomført. Her kan du få eit innblikk i konferansen frå arrangørane sitt perspektiv.

17.01.2025

Temadag om rus

På nyåret arrangerte vi for fyrste gong temadag om rus for alle elevane på skulen. Målet var ingen peikefinger - kun ein trygg arena for diskusjon og refleksjon.

06.01.2025

Velkomen til Open kveld

Tida for å søkje inntak til vidaregåande skule nærmar seg. Kanskje veit du allereie kva du skal søkje, kanskje er du framleis litt usikker. Uansett kan du kome på Open kveld måndag 27. januar for å få vite meir om skulen og dei tilboda som fins.