Hopp til hovedinnhold

Draumeskulen

Draumeskulen - ein tiltaksmodell for å jobbe systematisk med det psykososiale miljøet på skulen.

Målet er å skape eit læringsmiljø der elevane opplev tryggleik og tilhøyrsle, der dei får brukt ressursane sine og der den psykiske helsa til den enkelte elev fremjast.

Den viktigaste ressursen i dette arbeidet er elevmentorane våre. Elevar på vg2 og vg3 engasjerer seg for å bidra til å skape ein god skulekvardag for medelevane sine, og vi har eit spesielt fokus på dei nye elevane på skulen. Elevmentorane deltek i klasseopplegg og har miljøskapande aktivitetar på skulen gjennom året. 

Modellen er utvikla av organisasjonen Voksne for barn. Du kan lese meir om Draumeskulen her.