Dei som har gjennomført, men ikkje bestått, opplæring kan ha rett på meiropplæring, jf. opplæringsforskirifta §5-2.
Kva er retten?
Om du har stryk i fag (karakteren 1 eller IV i standpunkt) eller får 1 eller har fråver på eksamen har du rett på meir opplæring fram mot ny standpunktkarakter. Dette gjeld berre dersom du har følgt opplæringa fram til og med 1. mars. Du må ikkje ha slutta eller gått over fråværsgrensa per 1.mars.
Ulike måtar å organisere meiropplæringa på
Skuleåret 2025-2026 er første året ein tilbyr meiropplæring i fag. Fylkeskommunen vil prøve å organisere meiropplæring slik at elevar som er under ordinær opplæring vil kunne få meiropplæring ved same skule.
For elevar under opplæring på VG2 eller VG3:
- Dersom dei praktiske tilhøve ved skulen og behovet for komprimert meiropplæring hjå den einskilde eleven tilseier det, kan fylkeskommunen tilby meiropplæring innanfor elevane sin skuledag både i fellesfag og programfag. Dette kan m.a. gjerast ved å bruke fritimar eller eventuelt å omdisponere timar frå andre fag, etter gjeldande reglar.
- Om det passar for både elev og skulen kan ein tilby opplæring på kveldstid eller i helger.
- Om dette ikkje er mogleg vil ein tilby å følgje opplæringa i ordinære grupper.
For elevar som er ferdig med ordinært løp i skule (ferdig med VG2/VG3 yrkesfag eller VG3 studieførebuande fag:
- Tilby meiropplæring nettbasert i fellesfaga + nokre utvalde programfag på studieførebuande.
- Tilby å følgje ordinær opplæring i fellesfag og programfag ved ein skule.
- Tilby å følgje komprimert meiropplæring ved ein skule dersom dette vert sett i gong.
Nettskulen vil kunngjere sine tilbod etterkvart som dei er klare. Dersom nettbasert opplæring ikkje passer for deg, vil du få eit tilbod om opplæring på ein skule.
Frist for å melde seg til meiropplæring
Fristen for å melde frå om at du vil har meiropplæring i fag frå neste skuleår er 1.juli. Om du melder ønskje til ein skule om meiropplæring etter fristen (t.d. ved skulestart), vil du berre kunne få tilbod om opplæring dersom skulen har høve til organisere dette for deg.
Her kan du lese meir om tilbodet og melde i frå om at du ønsker meir opplæring.
Kva skjer vidare?
Skulen vil ta kontakt med deg i løpet av august for å finne ut korleis meiropplæringa vert organisert for deg.
Andre måtar å bestå fag og eksamen
Det vil oftast vere fleire ulike måtar å bestå eit fag på, i tillegg til det å få meiropplæring mot ny standpunkt. Du kan velje å ta faget på nytt ved ein privatisteksamen. Dersom du har fått 1 eller hadde dokumentert fråver på eksamen vil du kunne ha rett til ny eller utsett eksamen (NUS). Om du har rett på NUS-eksamen kan du samstundes få meiropplæring i fag. Dersom du stryk på NUS-eksamen vil du framleis kunne bestå meiropplæringa.