Hopp til hovedinnhold

Fransk samarbeid

Denne våren har Måløy vidaregåande hatt eit samarbeid med den franske skulen Lycée de la Mer Paul Bosquet i Sète, ein skule som ligg ved Middelhavet og har utdanning innan marine og maritime fag. I to heile dagar fekk vi lære av kvarandre, dele erfaringar og bygge gode relasjoner.

 

 

Vi fekk besøk av åtte engasjerte elevar og to lærarar etter at dei hadde vore to dagar i Austevoll på besøk på den vidaregåande skulen der. Besøket er støtta gjennom eit Erasmus+-prosjekt og bidreg til at tilsette og elevar frå skular frå ulike delar av Europa kan besøke kvarandre, knyte nettverk og lære av kvarandre.   

Opplæringa innan maritime fag på  den franske skulen er på mange områder lik den vi har her i Måløy,  men der vi til dømes har fokus på lakseoppdrett, har dei mellom anna oppdrett av østers og meir varmekjære artar. 

Under besøket i Måløy fekk dei omvisning på skulen, inkludert Skulebas. Opplæringsfartøy vårt er litt annleis enn dei har i Sète. Vi var óg innom foringssentralen til Mowi der dei fekk sjå korleis ein fôrar fisken med god presisjon på dei mange ulike lolkalitetane. 

Vi kunne jo sjølvsagt ikkje ha besøk frå Frankrike utan å syne fram noko av den flotte naturen vår. Vi tok dei difor med til ein liten fjelltur til Kletten. Her kunne dei nyte utsikta over det flotte nærområdet vårt. Sjølv om dei vart både våte og skitne på føtene, var det ein gjeng med fullt pågangsmot og positivitet som kom tilbake til campingen på ettermiddagen. Det vart og tid til litt sosialt. Eine kvelden kom franskklassa til lærar Sandra på besøk der dei hadde med seg kake og snack. Det gjekk det lystig for seg med fransk kommunikasjon og brettspel. 

Den franske delegasjonen hadde også ein heil dag hos Selstad der dei fekk full innføring i berekraftig fiskeri, akvakultur, besøk hos flåtestasjonen, samt besøke taufabrikken. Det er veldig kjekt for oss som skule å kunne vise fram kva næringsliv vi har i området og kven vi samarbeidar med gjennom eit skuleår. Dei besøkande var veldig imponert over alt dei fekk sjå og høyre.  

Tusen takk til alle som tok godt i mot våre franske medstudentar og kollegaer, og som gjorde opphaldet mogleg. Lærdom og minner for livet!