Hopp til hovedinnhold

Framflytkonferansen - av ungdom for ungdom

Den elevdrevne Framflytkonferansen 2025 ved Måløy vgs er vel gjennomført. Her kan du få eit innblikk i konferansen frå arrangørane sitt perspektiv.

Fakta om Framflyt

I løpet av dei siste 11 åra har vi hatt fleire ungdomsbedrifter (UB) i faget markedsføring og ledelse 2 på Vg3 studiespesialisering. Eit av hovudprodukta for desse ungdomsbedriftene har vore konferansen vi kallar Framflytkonferansen, eller bare "Framflyt".

Konferansen er arrangert av ungdom for ungdom, med det overordna målet om å synleggjere utdannings- og jobbmoglegheiter i distriktet. Gjennom arbeidet med ungdomsbedrifta får vi belyst alle kompetansemåla i læreplanen for markedsføringsfaget. Dette prosjektet er ei omfattende oppgåve som vi  byrjar med allereie tidleg i skuleåret.  

Fjordglimt UB

Årets ungdomsbedrift heiter Fjordglimt UB, og vår visjon er å gje "Eit glimt av moglegheiter i Nordfjord." Vi ønsker å vekke ungdomens interesse for framtida i Nordfjord. Gjennom engasjement og inspirasjon håper vi å oppmuntre dei til å utforske utdanningsmoglegheiter og arbeidsplassar i regionen. Vi inviterar ungdomsskuleelevar frå nærliggande kommunar, samt elevar på Måløy vgs, der dei kan få innsikt, bli inspirert og oppdage dei mange moglegheitene som finnast i Nordfjord. Besøkande fekk høyre mange  bedriftspresentasjonar frå scena og fleirbrukshallen var fylt til randa av bedrifts- og utdanningsstands. I år som andre år fekk også alle besøkande servert mat laga av elevar på restaurant- og matfag.

Tidlegare Framflytelevar tilbake for å hjelpe

Julianne Flølo, som jobbar i NRK og driv podcasten "Oppdatert," er tidlegare elev ved studiespesialisering hos oss. Ho var med på å arrangere ein av dei fyrste Framflytkonferansane, og i år har ho kome tilbake som mentor for Fjordglimt UB. Vi har funnet dette både spennande og lærerikt. Julianne utstråler kreativitet og glede, noko vi verkeleg har fått nyte godt av.

Tilbake på Måløy vgs er også Celine Mork og Nora Nordbø - i år som konferansierar. Begge har tidlegare gått Vg3 studiespesialisering. Celine er for tida oppteken med psykologistudier og The Voice, medan Nora er litt over halvvegs i si paramedisin-utdanning. I det dei kom inn dørene på skulen uttrykte dei: "Det er kjekt å kjenne lukta frå kantina og gjenoppleve følelsen av gode minner." Det var også veldig kjekt for oss å ha akkurat dei to til å lose oss gjennom dagen.

Ein unik moglegheit

Det har vore eit spennande og lærerikt prosjekt der alle har vore aktivt engasjert. Kvar enkelt av oss har hatt oppgåver som har framheva sider ved oss sjølv som kanskje ikkje alltid kjem til uttrykk i andre samanhengar. Vi er svært glade for å ha deltatt i dette prosjektet, og stolte av den innsatsen vi har lagt ned. Det har vore ein utmerka moglegheit for oss å vise fram våre ferdigheiter og vårt engasjement.

Vi vil gjerne rette ein stor takk til alle som har bidratt til at denne konferansen kunne bli gjennomført. Tusen takk!  

 

“Å drive ungdomsbedrift skulle alle elevar vore med på. Det skapar engasjement, motivasjon, trivsel og læring”. 
Faglærar i markedsføring, Bente Olseth.