Hopp til hovedinnhold

Lagarbeid på tvers av linjer - til nytte for lokalmiljøet

Elevar som sit på ein traktor, med benkar framfor seg.

Førre veke reiste maskinistklassen (Vg2 maritime fag) på seglas med MS Skulebas til den vakre øya Silda. Med seg hadde dei dyrebar last både produsert og restaurert av elevar på skulen.

Elevane frakta med seg utebenkar til Grendahuset på Silda samt ein traktor. Når ein skal frakte slik last er det viktig både med planlegging, handtering, sikring og plassering av lasta. Elevane klarte å utføre oppdraget på ein fagmessig og sikker måte. 

 

 

Utebenkane dei frakta med seg er bygd av elevar på tømrarlinja. Dei vart bygde då elevar frå ungdomskulen var på hospiteringsbesøk i mars. Skilt til utebenkane er teikna og 3D-printa på skulen. Traktoren er eit kulturminne som var i aktivt bruk på Silda den tida det var gardsdrift på øya. Elevar på TIF-linja har vore med på deler av restaureringa av traktoren.

Vel ute på Silda vart benkane frakta til Grendahuset ved hjelp av traktoren. Og eleven som køyrde traktoren er sjølvsagt innehavar av godkjent traktorsertifikat. Godt utført oppdrag, alle saman!