Hopp til hovedinnhold

Temadag om rus

På nyåret arrangerte vi for fyrste gong temadag om rus for alle elevane på skulen. Målet var ingen peikefinger - kun ein trygg arena for diskusjon og refleksjon.

Rus er tilstades i alle lokalmiljø, både i form av legale og illegale substansar. Fleire elevar har uttrykt ønske om meir undervising om rus i skulen. På bakgrunn av dette ønska vi å arrangere ein temadag om rus, for å gjere elevane tryggare i vala dei skal ta og gje dei anledning til å dele tankar og erfaringar med andre i ei gruppe. Vi har latt oss inspirere av Årdal vidaregåande skule og nytta eit undervisingsopplegg utarbeida av kompetansesenteret KoRus Bergen. 

Elevane på Vg1 og Vg2/3 vart fordelte i to puljer. For Vg1 vart det snakka mest om bruk av alkohol med fokus på korleis feste trygt og korleis ta vare på kvarande. For Vg2/3 var fokuset retta mot illegale rusmiddel og det å bry seg om andre. Vi samla oss i små grupper i Samfunnshallen. Elevane fekk sjå ulike filmar om rus henta frå NRK-serien Rus, dei jobba med oppgåver og diskuterte seg i mellom og fleire elevar delte tankar i fellesskap. I tillegg kika vi på statistikk frå Ungdata-undersøkinga for kommuna og landet, og vi gjorde også ein "her-og no"-statistikk gjennom ei interaktiv undersøking der elevane svarte på spørsmål om sitt eige forhald til rus.  

Det er eit stort arbeid som ligg bak ein slik dag, og skulen hadde ikkje fått stabla dette på beina utan kyndig hjelp. Vi må rette ein stor takk til Reidar Dale frå KoRus som tok turen heilt frå Bergen for å bistå oss. Og ikkje minst takk til nokon av våre faste samarbeidspartnarar i elevtenesta - politikontakt Åse Romuld,  folkehelsekoordinator Birte Sandal Rikstad i Kinn kommune og helsesjukepleiar Birgitte Wåge Nygård.

Denne dagen har gitt oss verdifull innsikt og moglegheit for diskusjon. Vi set oss som mål å vidareutvikle temadagen og er dedikerte til å halde fram med det førebyggjande arbeidet mot rus.