Hopp til hovedinnhold

Velkomen til nytt skuleår!

Her finn du informasjon om første skuledag og tips til nokre ting som kan vere lurt å få på plass før skulen startar.

Første skuledag

Måndag 18. august kl. 08:30 møtast både nye og gamle elevar til ei felles samling i Samfunnshallen. Ved busstoppet og rundt omkring på skuleområdet vil du bli møtt av ein flott gjeng elevmentorar som vil vise veg dit du skal. Etter økta i Samfunnshallen går du saman med kontaktlærar og klassa di til klasserommet. 

Er du deltakar på vaksenopplæringa?

Då startar du måndag 25. august kl. 08:30. Oppmøtestad i auditoriet i D-fløyen (maritimt bygg ved sjøen).

 

Greitt å ha på plass før skulestart

Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC.

Er du ny vg1-elev kan du benytte deg av tilbodet om å kjøpe ein rimeleg elev-PC gjennom Vestland fylkeskommune. Merk at tilbodet må nyttast innan utgangen av desember 2025. 

Skuleskyss

Dersom du har meir enn seks kilometer skuleveg (målt langs kortaste farbare veg) kan du søke om gratis skuleskyss. Hak av for at du ynskjer skuleskyssbillett på mobil, då får du billetten tilgjengeleg i app i staden for som skysskort.

For deg som ikkje har rett på gratis skuleskyss, men likevel ynskjer å benytte deg av buss, anbefalast det å kjøpe ungdomsbillett.

Dersom du har funskjonshemming eller varig sjukdom, eller dersom du ikkje har kollektivtilbod på ei strekning der du har rett til skyss, kan du ha rett på tilrettelagt skuleskyss.

Søke stipend

  • Alle elevar i vidaregåande skule får utstyrsstipend.
  • Skal du bu vekke frå foreldra dine kan du ha rett på bortebuarstipend. 
  • Har familien din svak økonomi kan du ha rett på inntektsavhengig stipend.

Samtlege stipend søkast om i same søknaden i Lånekassen.

Skal du bu på hybel?

Det er mange av elevane våre som bur på hybel, og vi gjer mykje for at du som bur på hybel skal ha det godt, både på skulen og heime. Her kan du få råd om korleis finne hybel og du kan lese om skulen sine hybelbuartilbod. 

Vi vil også sterkt anbefale at du gjer deg kjend med og held deg oppdatert på både dine og utleigar sine retter og plikter. Her finn du ei oppsummering av reglane i Husleigelova, samt tips til ting du bør passe på.