Måløy vidaregåande skule har ca. 320 elevar og 85 tilsette. Skulen tilbyr heile åtte ulike utdanningsprogram med fleire moglegheiter innanfor kvart program. Særleg er vi kjende som den einaste vidaregåande skulen i nordre del av Vestland som tilbyr maritime fag.
Kvar finn du oss?
Skulen vår er plassert i naturskjønne omgjevnader på Tennebø i Kinn kommune. Her kan du finne oss på kartet.
Kontakt oss
Her finn du vår kontaktinformasjon.
Breidt tilbod innan marine og maritime fag
Vi har eit sterkt fagleg miljø med mykje kompetanse innan maritim opplæring. Vi er samlokalisert med skulen si eiga avdeling Sikkerheitssenteret i Måløy og Fagskulen Vestland.
Lokala våre
Skulen har fleire bygg:
- A-fløyen inneheld administrasjon, lærarrom, klasserom og lab for helse- og oppvekst, YSK helse og vg2 barne- og ungdom og klasserom for vg2 informasjonsteknologi
- B-fløyen inneheld verkstader og klasserom for byggfag og vg2 køyretøy
- C-fløyen innehelde verkstader og klasserom for teknologi- og industrifag, bibliotek og klasserom for studiespesialisering
- D-fløyen ligg ved sjøen, nokre minutt å gå frå hovudområdet. Her finn du klasserom og kjøkken for restaurant- og matfag, klasserom og verkstad for naturbruk, Sikkerhetssenteret i Måløy og Fagskulen Vestland
- I tillegg leiger skulen eit arbeidsrom og eit klasserom i Nordfjordhallen
Utleige av lokaler
Måløy vidaregåande skule leiger ut lokaler til frivillige lag og organisasjonar.
Skulen si historie
Skulen vår har vore i drift sidan 1953. Sidan den gong er den bygd på og modernisert fleire gonger. Les meir om skulen si historie her.
Her finn du brosjyra til Måløy VGS
Her finn du film om Måløy VGS