Måndag 25. november legg opplæringsfartøyet vårt, MS Skulebas, frå kai og reiser på eit to-vekers seglas i Nordfjord og Sunnfjord. I løpet av seglasen skal vi innom åtte hamner, og i kvar hamn ynsjer vi velkomen om bord på Ope skip.
Møt elevane våre
Størsteparten av mannskapet om bord er elevar på Vg1 Teknologi- og industrifag. For første gong skal vg1-elevane ha delar av den praktiske opplæringa si om bord på Skulebas. Dei to klassene på skulen skal ha kvar si veke om bord, der målet er at dei på ekte vis skal få erfaring med livet på sjøen og få djupare innsikt i yrker innan maritime fag. Samstundes vil elevane kunne dele av sine kunnskapar og erfaringar med besøkande. Dei vil fortelje om korleis skulekvardagen er, kva moglegheiter dei har for vidare utdanning og yrkesliv, og ikkje minst korleis det er å vere elev ved Måløy vidaregåande skule.
Ope skip
I kvar av dei åtte hamnene vi skal innom ynskjer vi å invitere både elevar, føresette og innbyggjarane elles velkomen om bord på Ope skip. På Ope skip møter besøkande både elevar og lærarar som vil gje omvising på det flotte skipet vårt, samt dele informasjon om skulen sitt mangfaldige tilbod. På dagtid ynskjer vi 10. klasse og elevar på vidaregåande skule velkomen om bord, og på kveldstid held vi ope for alle som måtte ynskje det.