Hopp til hovedinnhold

Historia til Måløy vidaregåande skule

1953-1976

Fylkesyrkesskulen i Måløy

Skulen starta opp som Fylkesyrkesskulen i Måløy (FYM) i 1953 og beholdt namnet fram til 1976. Namnebytet til Måløy vidaregåande skule kom formelt frå 01.01.1976, etter at Lov om vidaregåande opplæring vart vedtatt i 1974. 

I denne fyrste perioden (det meste av tida med namnet Fylkesyrkesskulen i Måløy (FYM)) var skulen ein rein yrkesskule med relativt få elevar. Før 1961 var det bare eitt tilbod over to år som rekrutterte gutar; jern og metall og motormekanikar. Tidleg på 60-talet etter at skulen fekk eige bygg på Sæternes, kom det tre nye tilbod, og nybygget vart raskt for lite. Samtidig med at det fyrste byggetrinnet på Tennebø vart fullført, kom det enda to nye tilbod, og skulen heldt fram med to lokalitetar, på fastlandet og i sentrum.

1953 – Motormekanikar og jern og metall

Oppstart grunnkurs/1.år jern og metall *, og året etter oppstart vidaregåande kurs 1 motormekanikar. Dette var tilbodet ved den nye yrkesskulen fram til 1961.

Bakgrunnen for oppstarten av yrkesskulen var behovet for fagfolk ved skipsverfta lokalt (Blålid AS). Rekruttering av elevar i dei fyrste åra skjedde ofte ved at rektor/skulen tok kontakt med lokale gutar i heimen.

Undervisninga i denne fyrste perioden fann stad i leigelokale ved IOGT-losjen i gate 1 i Måløy sentrum. Her var det både verkstad og teoriundervisning. I tillegg var det praktisk undervisning med smiarbeid og køyring av maskiner i kaiområdet ved smia på nedsida av gate 1.         

*Seinare namn:
- Maskin og mekanikk («mask og mek») frå 1975
- Reform 94: mekaniske fag
- Kunnskapsløftet 2006: teknikk og industriell produksjon, no teknologi og industrifag

Eit nytt yrkesskulebygg på Sæternes vart tatt i bruk. All undervisning per dato for jern og metall/motormekanikar vart flytta dit. Dette fyrste året i nybygget vart tilbodet på grunnkurs jern og metall utvida til to klasser. Etter at nybygget vart tatt i bruk, kom det nye tilbod:

  • Kjole- og draktsaum (1961)
  • Tømrar og bygningssnikkar (1962)
  • Bilmekanikar (1965)

Eittårig tilbod i kjole- og draktsaum vart starta opp. All undervisning var dei fyrste åra i nybygget. Frå 1965 vart tilbodet utvida til to klasser. Samtidig vart praksisopplæringa for kjole- og draktsaum flytta til IOGT-losjen på grunn av plassmangel på Sæternes, og desse leigelokala  vart nytta heilt til den nye skulen på Tennebø var ferdig i 1975.

Eittårig tilbod tømrar og bygningssnikkar kom i gang. Denne klassa fekk all opplæring på Sæternes fram til 1975. Tilbodet vart toårig tidleg på 80-tallet, og har sidan vore i gang samanhengande med ei klasse grunnkurs (vg1 byggfag) og ei klasse vidaregåande kurs (vg2 tømrarfag).  

Oppstart vk1 bilmekanikar bygd på grunnkurs jern og metall. Den nye skulen på Sæternes var full, og dette nye tilbodet fekk verkstad i leigelokale ved sildoljefabrikken i Deknepollen, der opplæringa var i 10 år til 1975. Tilbodet vart i slutten av denne perioden utvida med eit 3. år (vk2) med avsluttande fagprøve (fagbrev bilmekanikar). Elevane på vk1 og vk2 hadde praksisopplæring saman (to «halve klasser»), og denne ordninga heldt fram til innføringa av Reform 94.

A- og B-fløyen vart tatt i bruk. Samtidig kom det nye tilbod:

  • Linje for husstellfag (1975)
  • Linje for handel og kontor (1975)

 

I dei nye skulebygga på Tennebø vart opplæringa plassert slik:

  • A-fløyen: kjole- og draktsaum, husstellfag og kombiklassen, i tillegg til administrasjon, bibliotek og lærarrom/personalrom. B-fløyen: bilmekanikarfag og tømrarfag.
  • Resterande undervisning – maskin og mekanikk (jern og metall) og motormekanikar heldt fram på Sæternes til 1986. I tillegg var det nye tilbodet handel og kontor plassert der i nokre år, og naturfagundervisninga i spesialrom for fysikk og kjemi innan allmennfag frå starten i 1978 fram til 1986.

Også kalla husmorskule, og seinare kalla helse og miljø (HM). I 2. etasje i A-fløyen var eit nytt skulekjøkken på plass. Dei neste åra var det tre eittårige klasser med yrkesfaglege tilbod som stort sett rekrutterte jenter; kjole- og draktsaum, husstell og ei klasse som kombinerte dei to fyrstnemnde («kombiklassa»). Rein kjole- og draktsaumlinje fall bort etter nokre år, medan dei to andre heldt fram utover 80-tallet. Deretter (1990) vart desse tilboda vidareført under namnet helse og miljø (HM), med to klasser grunnkurs og ei klasse vidaregåande kurs, vk1 barnepleie.

Handel og kontor var eit eittårig tilbod fram til 1986. Då vart tilbodet utvida med ei vidaregåande kurs 1 klasse, og året etter med vidaregåande kurs 2. Elevane som begynte på grunnkurs i 1985 og fram til Reform 94 vart innført fekk dermed eit tre-årig løp som gav både yrkes- og studiekompetanse.

 

 

1976-1994

Periode med sterk vekst innan studieførebuande fag

Namnebytet til Måløy vidaregåande skule kom formelt 01.01.1976, etter at Lov om vidaregåande opplæring vart vedtatt i 1974. 

I denne perioden vart dei studieførebuande linjene dominerande med tanke på tall elevar, og særleg i åra 1987-1994, då handel og kontor var eit treårig løp som også gav studiekompetanse. Plasstallet per årstrinn var då 90 elevar tilsaman for allmennfag og handel og kontor.

Dei yrkesfaglege tilboda som vart starta opp på 80-talet var alle marine/maritime, og danna eit grunnlag for dei seinare fylkesdekkande tilboda innan desse fagområda i Reform 94-strukturen. I tillegg kom vk1 barnepleie frå 1990, som også vart vidareført i Reform 94.

Perioden var prega av sterk vekst i elev- og klassetall, fyrst og fremst innan dei studieførebuande tilboda. Dette hadde sjølvsagt samanheng med store årgangskull i primærområdet for rekruttering, som var Vågsøy kommune og Selje kommune frå kommunesenteret og sørover.

I 1976 vart det sett i gang ei klasse over to år (årskull 1960) med såkalla kombinert grunnkurs (innført nasjonalt etter Lov om vidaregåande opplæring 1974), med elevar frå husstellsfag, maskin og mekanikk og handel og kontor, dei fleste frå sistnemnde linje. Klassa vart vidareført frå 1978 som 2. år studieretning for allmenne fag, og om lag halvparten av elevane i det kombinerte grunnkurset gjekk vidare med reint allmennfag. Klassa vart fylt opp med lokale ungdommar som flytta heim etter 1. år på andre vidaregåande skular, Firda vgs. og så vidare. Den fyrste avgangsklassa med studiekompetanse ved MVS fullførte dermed løpet i 1980.

Samstundes som den kombinerte grunnkursklassa vart vidareført som reint studieførebuande løp i 1978, vart det sett i gang to ordinære klasser innan studieretning for allmenne fag (årskull 1962), med fullført løp våren 1981. Deretter hadde skulen to klasser per årstrinn innan dette tilbodet fram til 2003, då sviktande elevtall førte til reduksjon til ei klasse per trinn.

I perioden fram til neste byggetrinn (C-fløyen) kom i 1986 vart leigelokala i Samfunnshallen (opna hausten 1978), både oppe (no kantine) og nede bak gymsalen, nytta som undervisningslokale til allmennfag. I åra etter 1986 fram til Reform 94 hadde handel og kontor på vidaregåande trinn undervisning i Samfunnshallen. Lokala nede vart også nytta til teoriundervisning innan yrkesfag i perioden 1995-2005 – primært for naturbruk/fiske og fangst som då hadde yrkesopplæringa i leigelokale på Gotteberg. Ein viktig del av leigeavtalen for Samfunnshallen var sjølvsagt arealet til kroppsøving, som saman med kantinearealet er grunnlaget for den nye avtalen for Nordfjordhallen frå 2001.  

Tilbod innan fiskerifag  og akvakultur vart starta opp. Grunnkurset frå 1983 – med namnet fiske og fangst – gav opplæring til kystskippareksamen og var også 1. år innan opplæring i akvakultur. Frå 1985 kom vk1 akvakultur på plass (det fyrste året på Sæternes), og frå 1988 vk2 akvakultur. Dette tilbodet retta mot oppdrettsnæringa fall ut i 1992 på grunn av sviktande rekruttering. Innan opplæring mot fiskeri var det eit tilbod i gang heilt til Reform’94, grunnkurs fiske og fangst og seinare før reformen grunnkurs kystnæring.

I denne fyrste perioden med opplæring i akvakultur, hadde skulen eit lite eige settefiskanlegg i garasjebygget på vestsida av C-fløyen. Verkstad for fiskeriopplæringa (reiskapslære m.m.) var i 1.etasje i C-fløyen, i lokala seinare nytta til bibliotek fram til renoveringa av bygget. I 2.etasje var skulen sin fyrste simulator og anna navigasjonsutstyr.    

C-fløyen - byggetrinn 2 på Tennebø vart tatt i bruk. Dermed vart all undervisning samla på fastlandet i perioden fram til etter innføringa av Reform 94. Bygget på Sæternes vart selt til Selstad AS.

Oppstart vk1 skip/offshore (tidlegare nokre år vk1 mekanikar) som eit tredje tilbod innan dei mekaniske faga, i tillegg til motormekanikar og bilmekanikar. Det nye tilbodet vart seinare bygd på med ei klasse vk2 maskin. Tilbodet vart etter Reform 94 vidareført som vk1 skipsteknisk drift, og etter Kunnskapsløftet (2006) som ei av dei to retningane innan maritime fag.

Det eldste tilbodet på skulen, motormekanikar, vart også treårig på 1980-talet, med vk1 og vk2 kombinert i same klasse, etter same modell som vk1 og vk2 bilmekanikar.  

Tilbodet vk1 barnepleie vart starta opp bygt på grunnkurs helse og miljø (HM). Dette var det fyrste vidaregåande kurset innan tilboda som primært rekrutterte jenter. Etter innføringa av Reform 94 vart dette vidareført som vk1 barne- og ungdomsarbeidarfag.

 

 

Reform 94 fram til i dag

Ved innføringa av Reform 94 fekk skulen etablert toårige yrkesfaglege tilbod for alle studieretningar etter 2 + 2 modellen, medan det før hadde vore bare eittårige løp på tilboda som primært rekrutterte jenter (unntatt vk1 barnepleie frå 1990). For dei marine faga fiskeindustri og akvakultur var det vanskeleg å rekruttere elevar i åra etter reformen, og fyrstnemnde tilbod vart etter mange år erstatta av kokk- og servitørfag.

Skulen fekk gjennom reformen ein tilbodsstruktur med fylkesdekkande tilbod innan marine og maritime fag, og desse vart utvikla og styrka i åra etter. Opprettinga av maritim fagskule i 1998 var ei viktig hending i historia til MVS. Sjølv om fagskulen vart skild ut som eiga eining frå 2009, er samanhengen mellom grunnopplæringa og maritim fagskuleutdanning framleis svært sentral med tanke på rekruttering av elevar og studentar, fagmiljø og utvikling og deling av ressursar. Innan dei marine faga, har rekrutteringa til både fiskeri og akvakultur auka sterkt dei seinare åra.

TAF/YSK-tilbodet har vore eit viktig og vellukka fylkesdekkande tilbod sidan etableringa i 2009. Samla sett har dei fylkesdekkande tilboda og utviklinga av ei stor breidde i utdanningsprogram/tilbod totalt ved skulen verka med til å halde oppe gode søkjartal, og dermed langt på veg kompensere for nedgangen i fødselskulla i nærområdet i perioden.

Evalueringa i samband med ny strukturplan i 2012-13 synte at skulen leverer svært mange lærlingar til dei aktuelle fagområda i næringslivet på land og til sjøs, og til kommunar i nærområdet. Dette heng godt saman med skulen sin oppstart og historia seinare: Gjennom alle år har dei nye opplæringstilboda vorte etablerte i dialog og samarbeid med næringslivet og samfunnet rundt skulen.

Struktur ved Måløy vgs gjeldande frå 01.08.94:

  1. Studieretning for allmenne fag - AF – 3 x 2 klassar = 6 klassa
  2. Studieretning for mekaniske fag – ME – 2 klassar grk, 1 klasse vk1 køyretøy (linjene for motormekanikar og bilmekanikar vart i reformen slått saman i dette tilbodet), 1 klasse vk1 skipsteknisk drift = 4 klassar
  3. Studieretning for byggfag – BY – 1 klasse grk, 1 klasse vk1 tømrarfag = 2 klassar
  4. Studieretning for helse- og sosialfag – HS – 2 klassar grk,1 klasse vk1 barne – og ungdomsarbeidarfag, 1 klasse vk1 omsorgsfag = 4 klassar
  5. Studieretning for naturbruk – NA – 1 klasse grk, 1 klasse vk1 fiske og fangst, 1 klasse vk1 akvakultur = 3 klassar
  6. Studieretning for hotell- og næringsmiddelfag – HN – 1 klasse grk, 1 klasse vk1 fiskeindustri = 2 klassar

I etterkant fekk skulen tildelt ein klasse vk1 sjøfartsfag innan studieretning ME. (Etter innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 vidareført saman med vk1 skipsteknisk drift innan vg2 maritime fag.) Det totale tallet tildelte klassar etter reformen vart dermed 22 klassar innanfor 6 ulike studieretningar

 

Innan denne strukturen var det tre tilbod på vidaregåande nivå som var utfordrande med tanke på rekruttering:

  • Vk1 fiskeindustri vart starta opp bare eitt år, 1996-97, med få elevar. Via deltaking i det nasjonale forsøket vk1 matfag (samla dei fire ulike næringsmiddelfaga, inkl. fiskeindustri i eitt tilbod) frå 2003 fekk skulen i staden vg2 kokk- og servitørfag som eit ordinært tilbod innan restaurant- og matfag – RM – etter innføringa av Kunnskapsløftet (2008).
  • Vk1 akvakultur kom i gang i åra 1999-2002, så fall søknaden bort på nytt på grunn av krisa som då kom i oppdrettsnæringa. Frå 2006 kom tilbodet gradvis i gang att, fyrste året med eit par elevar utan tildelte ressursar frå fylket.
  • Vk1 omsorgsfag kom i gong fyrst på slutten av 1990-tallet (1998), og hadde så elevar fram til 2007, nokre av åra i tilbod kombinert med vk1 barne- og ungdomsarbeidar. Dei fyrste åra etter Reform’94 var det to klassar vk1 barne- og ungdomsarbeidar. synkande søknad over tid til tilbodet innan HS, vart klassetallet der frå 2006 redusert til to klassar, med ei klasse på kvart trinn. Ved MVS vart omsorgsfag tatt bort etter Kunnskapsløftet, nasjonalt vart dette vidareført som vg2 helsefagarbeidar.

 

Undervisninga innan naturbruk og vk1 sjøfartsfag, med unnatak for dei felles allmenne faga, vart gitt i leigelokale på Gotteberg («Einarbuda»). Dermed vart skulen «delt» på nytt, fram til nybygget ved sjøen på Tennebø, D-fløyen, vart opna i 2005.

Oppstart av maritim fagskule med utdanning av skipsoffiserar over to år – nautisk linje (skipsførar) og skipsteknisk linje (maskinist), to klassar per linje, i alt 4 klasser med 60 studentplassar.

Det formelle kravet til inntak til fagskulen var fagbrev som fiskar eller matros (nautisk linje) og motormann eller elektrikar (skipsteknisk linje). Svært mange vaksne studentar vart i tillegg tatt inn på grunnlag av realkompetanse i mange år etter oppstarten, frå eit stort inntaksområde i heile fylket og i nabofylka, særleg Møre og Romsdal.

Undervisninga på nautisk linje var i leigelokala på Gotteberg i perioden til 2005. Opprettinga av fagskuletilbodet var årsaka til at skulen raskt fekk på plass ein brusimulator i bygget på Gotteberg.    

Fagskulen vart frå 1999 ein del av maritim avdeling i den nye strukturen som fylkeskommunen sette i verk ved MVS dette året. Frå 2005 fekk fagskulen i Førde og fagskuleutdanninga i Måløy felles styre, og utdanninga i Måløy vart omorganisert til eiga avdeling av MVS.

Frå 2009 vart så Fagskulen i Sogn og Fjordane etablert med to likeverdige avdelingar i Førde og Måløy med rektor lokalisert i Førde. Eitt år etter fylkessamanslåinga vart begge avdelingar ein del av Fagskulen i Vestland frå 2021.

Oppstart av Sikkerheitssenteret (SIM), som sidan har vore ei avdeling ved sida av den ordinære verksemda ved MVS. Bakgrunnen for oppretting av senteret var behovet for å tilby lovpålagt sikkerheitsopplæring lokalt til eigne elevar i marine/maritime klassar, inkludert studentar ved fagskulen. 

Dei fyrste åra var teori og praktiske øvingar som sjøredning lokalisert i leigelokala på Gotteberg, frå 2005 vart opplæringa innan dei ulike kursa flytta til det maritime nybygget på Tennebø. Unntaket har vore brannredning, som heile tida har vore lokalisert ved avfallsanlegget på Nord-Vågsøy. Sikkerheitssenteret har hatt ei stor portefølgje av kurs over tid, med basis i dei konvensjonsbestemte sikkerheitskursa.

Kursverksemda ved SIM har gitt viktige inntekter til investering i infrastruktur og utstyr til nytte for heile den maritime opplæringa ved MVS og fagskulen. Det separate simulatorbygget, opna i 2007, vart til dels finansiert av midlar (fem mill. NOK) frå Innovasjon Norge, utløyst av samarbeidet mellom ferjeselskapet Fjord 1 og SIM, i tillegg til fylkeskommunale midlar og eigenkapital frå SIM/MVS.  

I perioden 2008-09 vart det gjort eit utgreiingsarbeid med tanke på privatisering av SIM, men arbeidet stoppa opp utan at endringar vart gjennomført.

Kjøp av nytt opplæringsfartøy, «Skulebas», som erstatta det fyrste fartøyet «Hendavik» (ei skøyte som skulen kjøpte ved inngangen til 1990-talet). Kjøpet av det nye fartøyet (line- og garnbåt frå nærområdet, bygd 1974) vart finansiert gjennom eit spleiselag av næringa (ulike fiskereiarlag m.fl.) ca. 1/4, og fylkeskommunen med ca. 3/4. Dei årlege driftsutgiftene vart tilført skulen sitt budsjett i form av «leige» frå fylkeskommunen, og både næringa og fylkeskommunen hadde representantar i styret for AS Opplæringsfartøy.

I perioden 2010-13 vart ordninga med eige opplæringsfartøy evaluert, og alternative løysingar for å gje elevane relevant praksis på sjøen vart vurdert. I ein kort periode september 2013-ut 2014 vart «leiga» frå fylket redusert, før budsjettet til drift igjen vart auka til tidlegare nivå. I dei følgjande åra begynte planlegginga av bygging av nytt fartøy til opplæring, som kulminerte med dåp og overlevering av nye «Skulebas» i august 2023.

Tilbodet innan allmennfag (no studiespesialisering) vart redusert til tre klassar, ein klasse per årstrinn, på grunn av for lite søknad. Dette var ein del av ein reduksjon i heile fylket, men for Måløy vgs. betydde dette ei halvering av tilbodet skulen hadde hatt sidan 1978.

Nybygget ved sjøen på Tennebø, D-fløyen, vart tatt i bruk. All undervisning i leigebygget på Gotteberg vart flytta til nybygget, i tillegg til at hotell- og næringsmiddelsfag flytta til ny kjøkken- og produksjonsavdeling der. Dermed vart all undervisning ved MVS samlokalisert igjen.

I planlegginga og arbeidet med det nye maritime bygget var økonomi den kritiske faktoren. For å realisere prosjektet innanfor den vedtatte kostnadsramma måtte skulen gje avkall på ein av dei planlagde funksjonane i bygget, som var lokale til opplæring innanfor akvakultur.

Oppstart av eittårig allmennfagleg påbygg. Skulen hadde tilbodet til etter iverksetjinga av vedtaket om ny strukturplan i fylket i juni 2013, dvs. ut skuleåret 2014. Bortfallet av tilbodet kom uavhengig av strukturplanen, som eit ledd i den nasjonale strategien om å redusere tilbodet om påbygg.

Dette var eit godt tilbod til lokale elevar, og kompenserte delvis for bortfallet av klassar innan allmennfag.

Innføring av reformen «Kunnskapsløftet». Skulen fekk ingen nye tilbod, men dei fleste utdanningsprogramma (studieretningane) skifta namn. Frå fylket si side vart det lagt opp til at MVS skulle få det nye vg2-tilbodet industriteknologi, men det vart tatt ei avgjerd om å halde fast ved vg2 køyretøy som kombinerte dei to eldste mekaniske linjene ved skulen – motormekanikar og bilmekanikar.

Innan teknikk og industriell produsjon (mekaniske fag) vart vg1 klassene sjøfartsfag og skipsteknisk drift slått saman til vg2 maritime fag. Dette har vore eit populært fylkesdekkande tilbod med svært høge søkjartall. Over fleire år rundt 2010 vart det sett i gang tre vg2 klasser, trass i knappe ressursar i form av lokalitetar. Både opplæringsfartøyet og aktiv bruk av utplassering på kommersielle fartøy gjorde at skulen fekk til dette. Den kritiske faktoren med tanke på inntak har i periodar vore tilgangen på læreplassar etter skuleløpet.

Oppstart av tilbodet TAF (tekniske allmennfag), seinare endra til YSK (yrkes- og studiekompetanse). Vedtaket om dette fylkesdekkande tilbodet vart gjort i november 2008, og omfatta tilboda TIP/industriteknologi og HO/helsefagarbeidar saman med studieførebuande fag (studiespesialisering). TAF/YSK er eit fireårig løp, to år skule kombinert med arbeidspraksis med lønn og to år lærling kombinert med vidare skuleløp til spesiell studiekompetanse (fordjuping i realfag).

Etter at tilbodet  kom i gang for fullt, utgjorde dette 4 klasser/4 klasseressursar. Tilbodet vart vidare utvida frå skulen si side med akvakultur, gjennom å samordne med ressursane skulen fekk tilført til ordinær yrkesopplæring i dette faget. I ein kort periode vart det også prøvd å gje tilbodet innan byggfag. Eit tilbod innan IKT-fag vart også starta opp i samarbeid med lokale bedrifter midt på 2010-tallet, dette var bakgrunnen at skulen fekk tildelt det nye yrkesfaglege utdanningsprogrammet IT og medieproduksjon i 2020.

Frå hausten 2017 vart elevtallet innan TAF/YSK avgrensa til 4 «halve klasser» og dermed vart også tildelte ressursar redusert.

Ny strukturplan for Sogn og Fjordane fylkeskommune vart vedtatt i juni 2013, etter ein lang prosess som begynte administrativt i januar 2009. Den offentlege prosessen starta hausten 2012 med presentasjon av ulike modellar/scenario for organiseringa av den vidaregåande opplæringa vidare, og vart opplevd som svært dramatisk av tilsette og lokalmiljø. Måløy vgs. kom til slutt svært godt ut av prosessen, og fekk eitt nytt tilbod, vg2 industriteknologi (som ordinært yrkesfagtilbod). Det nye tilbodet kom i gang, men fekk ikkje nok søkjarar over tid.

Ein viktig konklusjon som det vart allmenn semje om i prosessen, var at alle skulane måtte ha studieførebuande tilbod (studiespesialisering) ved sida av dei yrkesfaglege linjene (kombinerte vidaregåande skular), både med tanke på elevane i ein desentralisert struktur og det totale fagmiljøet ved skulen.

Starta opp augst 2020 i nært samarbeid med Måløy Academy. Skulen hadde tilboda Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon og Vg2 informasjonsteknologi. Utdanningsprogrammet vart vedtatt nedlagt i 2024.