Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Fire elevar på ein byggeplass

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Du får arbeide med henda, skape noko og sjå synlege resultat av arbeidet ditt. Arbeidet er variert, du får arbeide sjølvstendig og saman med andre og du vil ha aktive arbeidsdagar både inne og ute.

Du kan ta fagbrev som tømrar, stillasbyggar, røyrleggar, murar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 bygg- og anleggsteknikk som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss gå vidare på vg2 tømrar. Skulen legg også til rette for 1+3-løp, då kan du innanfor enkelte programområder gå ut i lære allereie andre året.

Vg1 bygg- og anleggsteknikk

Første året vil du lære grunnleggande teknikkar og gode arbeidsvaner. Du vil bli kjend med verktøy og få den basiskompetansen du treng for å gjere enkle jobbar. Vi jobbar med fleire ulike kundeoppdrag i løpet av året. Kvalitet og tryggleik står sentralt i undervisinga.

Programfag

Det første året vil du ha dei yrkesretta programfaga arbeidsmiljø og dokumentasjon og praktisk yrkesutøving. Mykje av læringa skjer gjennom reelle byggeoppdrag. Byggeoppdraga våre er som regel oppføring av heile bygg, til dømes garasjar eller naust. I prosessen vil du lære å avrette byggegrunn, forskaling og armering av ringmur, støyping av golv, kapping og oppføring av yttervegg og takkonstruksjon, bordkledning og taktekking. Du vil også lære å lage arbeidsteikningar, kapplister og arbeidsbeskrivelse, direkte knytt opp til byggeoppdraget ein utfører. 

Læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

 

Praksis

Vi har to praksisdagar i veka. I hovudsak jobbar vi ute i felt med kundeoppdrag. Dersom du ynskjer er det også mogleg å vere utplassert i bedrift desse dagane. Skulen har samarbeidsbedrifter innan tømrarfaget, betongfaget, røyrleggjarfaget, ventilasjon- og blekkslagarfaget, anleggsmaskinførarfaget, fjell- og bergverksfaget og taktekkjarfaget.

Vg2 tømrar

I tømrarfaget vil du utvikle kompetanse til å sette opp nybygg og tilbygg, og utføre ombygging, rehabilitering og restaurering. Opplæringa er i stor grad basert på reelle oppdrag som vi gjennomfører ute på arbeidsplass.

Programfag

På vg2 tømrar vil du lære grunnleggande tømrarferdigheiter. Dei yrkesretta programfaga skal bidra til å utvikle dyktige handverkarar som kan stimulere til auka verdiskaping og sikre trygge og miljøvennlege buforhold. Gjennom programfaga skal du lære deg å tilfredsstille samfunnet sine krav til bygningar, anlegg og konstruksjonar. 

Læreplan i vg2 tømrar.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

Praksis

Vi har to praksisdagar i veka og desse dagane brukar vi til byggeprosjekter.  Vi gjer mange større oppdrag for privatkundar i tillegg til å utføre arbeid på skulen. 

Du får også moglegheit til å prøve utplassering i bedrift. Utplasseringa er rullerande; halve klassa første termin og resten i andre termin. Her er det du sjølv som vel om/når du ynskjer utplassering. Elevane oppfordrast til å ta kontakt på eigahand, men skulen hjelper dersom det trengs. Skulen samarbeider med mange bedrifter både nært og fjernt.

Mange får seg læreplass gjennom utplassering i bedrift.

 

Tilbod om ulike kurs

I løpet av skuleåret vil du få stillaskurs og stropp- og anhukerkurs.

 

Vegen vidare som lærling

Etter fullført vg2 tømrar kan du ta svennebrev som tømrar. Les meir om yrket her.

Vegen vidare

Etter eit til to år på skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Etter to år på skule kan du også ta vg3 påbygg til generell studiekompetanse for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fag- eller sveinebrevet er du kvalifisert til å søke fagskuleutdanning eller høgskule gjennom Y-vegen. Du kan dessutan ta mesterbrev innan mange av byggfaga. Ynskjer du å gå vidare på høgskule/universitet (der Y-vegen ikkje er eit alternativ) kan du ta vg4 påbygging til generell studiekompetanse.