Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje helse- og oppvekstfag?
Dersom du likar å jobbe med mennesker og set pris på å hjelpe andre, då kan helse- og oppvekstfag vere noko for deg!
Du kan ta fagbrev som helsefagarbeidar, ambulansearbeidar, barne- og ungdomsarbeidar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
Vi tilbyr
Første året går du vg1 helse- og oppvekstfag som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss gå vidare på vg2 helsearbeidarfag.