Hopp til hovedinnhold

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

To elevar som sit framfor nokre dataskjermar. den eine eleven held eit videokamera i handa.

Dette er faget for deg som er kreativ og interessert i IT, nettverk og visuelle uttrykksformer. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje informasjonsteknologi og medieproduksjon?

Dersom du likar å jobbe med data og programmering, eller ser for deg eit yrke innan tv, foto, film eller grafisk design, då kan dette vere vere noko for deg! 

Du kan til dømes få deg jobb som IT-utviklar i eit IT-selskap, eller arbeide som mediedesignar i eit reklamebyrå. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss gå vidare på vg2 informasjonsteknologi. 

Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

I løpet av det første året får du spennande innføring i programmering, kommunikasjon, design og teknologi. Du får blant anna øve på å sette opp datanettverk og lage nettsider frå botnen, og du vil lære om foto og film.

Programfag

Første året vil du ha dei yrkesretta programfaga konseptutvikling og programmering, produksjon og historieforteljing og teknologiforståing.  Undervisinga føregår i eit velutstyrt og topp moderne undervisningsrom forma som eit møterom. Alle pultar er utstyrt med skjerm, og vi har eigne rom for filming og redigering.

Læreplan i vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

 

Samarbeid med lokalt næringsliv

Vi har utstrakt samarbeid med Måløy Academy, som både underviser elevane på skulen og i bedrift.

Vg2 informasjonsteknologi

Vg2 informasjonsteknologi handlar om å rettleie brukaren i å nytte sikre og brukarvennlege IT-løysningar og å utvikle slike løysningar. Du vil lære korleis informasjonsteknologi kan brukast og misbrukast, og korleis løysningar kan beskyttast mot truslar og innsyn. Det blir lagt til rette for at du skal få utvikle kritisk tenking, sjølvstend og kreativitet, og til at du får omsette idear til handling.

Programfag

Andre året vil du ha dei yrkesretta programfaga brukarstøtte, driftsstøtte og utvikling. Faga skal gje deg kunnskap om teknologi og kva etiske problemstillingar og roller teknologien speler i samfunnet. Du vil fordjupe deg vidare i IT-tryggleik og programmering. Undervisinga føregår i eit velutstyrt og topp moderne undervisningsrom.

Læreplan i vg2 informasjonsteknologi.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

Praksis

Vi har to praksisperiodar i løpet av skuleåret - ei veke på hausten og ei på våren. Vi jobbar med fleire prosjekt i tett samarbeid med næringslivet. I løpet av skuleåret vil du få gode og unike arbeidserfaringar.

 

Vegen vidare som lærling

Etter fullført vg2 informasjonsteknologi kan du velje å gå ut i lære innan IT-driftsfaget eller IT-utviklarfaget. Les meir om yrker og kompetanser her.

Vegen vidare

Etter to år på skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Du kan også ta vg3 påbygg til generell studiekompetanse for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fullført fagbrev er du kvalifisert til å søke fagskuleutdanning. Ynskjer du å gå vidare på høgskule/universitet etter du har tatt fagbrev kan du ta vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.