Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Fem elevar i båt som dreg opp ei krabbeteine

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Kvifor velje naturbruk?

Om du vil satse på eit yrke innan fiske og havbruk, då er dette rette vegen for deg!

Noreg er ledande nasjon innan fiske og havbruk og du kan få drøymejobben på dei mest moderne fiskebåtane som finnast. Naturbruk gir innføring i ei av Noregs største og viktigaste næringar, nemleg sjømatnæringa. Det handlar om noko så sentralt som å skaffe trygg og sunn mat gjennom bærekraftig oppdrett og hausting av havets ressursar.

Her på skulen tilbyr vi naturbruk blå variant, med fordjuping innan fiske og havbruk. Vg1 naturbruk er første steg på vegen til utdanning innan fiske og fangst eller akvakultur ved Måløy vidaregåande skule. Skulen har både eige opplæringsfartøy og konsesjon for oppdrett av laks. 

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 naturbruk som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss velge mellom to programområder:

  • vg2 akvakultur
  • vg2 fiske og fangst

Vg1 naturbruk

Naturbruk handlar om korleis ein kan drive næring basert på naturressursar. Første året skal programfaga legge grunnlag for sikker matproduksjon og for aktivitet og opplevingar med dyr og natur. Du vil òg lære deg å forstå samspelet mellom natur, samfunn, økonomi og berekraft.

Programfag

Første året har du dei yrkesretta programfaga naturbasert næringsaktivitet og naturbasert produksjon og tenesteyting. I løpet av skuleåret vil du få grunnleggande opplæring med fokus på naturen. Aktivitetane i opplæringa legg vekt på sikker produksjon av mat på grunnlag av etikk, miljø, kvalitet og lokale tradisjonar. 

Læreplan i vg1 naturbruk.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

 

Praksis

Vi har fleire modulveker i løpet av skuleåret med utplassering på oppdrettsanlegg og fiskefartøy. 

 

Tilbod om ulike kurs

Du vil få grunnleggande sikkerhetskurs (IMO-60), og i tillegg høve til å ta båtførarprøve. 

Vg2 akvakultur

Oppdrett av ulike fiskeartar er ei av Noregs viktigaste næringar, og denne næringa vil i framtida berre fortsette å vekse. I løpet av studiet vil du lære om oppdrett av fisk, biologi, teknologi, fiskefôr, fiskehelse, bedriftslære, økonomi, miljø og tryggleik.

Programfag

Dette skuleåret har du dei yrkesretta programfaga anlegg og teknikk, biologi og miljø og drift og produksjon. Utdanninga byggjer på at det skal vere ei berekraftig næring som birdrar til vekst og verdiskaping. Gjennom skuleåret vil du få den kompetasen du treng for å arbeide med god ressursforvalting, berekraft og fiskevelferd. Du vil også lære å handtere båt. 

Læreplan i vg2 akvakultur.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

Praksis

Vi har praktisk arbeid i ti modulveker i løpet av skuleåret, i tillegg til to faste dagar i veka. Du kan blant anna arbeide med matfisk, settefisk, RAS-anlegg, røykeri og sal av fisk, rensefisk og brønnbåt.

 

Tilbod om ulike kurs

I løpet av skuleåret får du tilbod om dekksoffiser kompetansesertifikat klasse 6 (D6), truckførerkurs (T1 og T4), kurs i  løfteredskap (G1), VHF-kurs og fleire kurs via ein e-læringsplattform for akvakultur (Blue Planet Academy).

 

Vegen vidare som lærling

Etter fullført vg2 akvakultur kan du velje å gå ut i lære innan akvakulturfaget eller innan havbruksteknikkfaget. Les meir om yrker og kompetanser her.

Vg2 fiske og fangst

Dette er vegen for deg som vil bli fiskar, eller ser for deg ei framtid som fiskeskippar. I løpet av skuleåret vil du lære om navigasjon, skipslære og sjømannskap, i tillegg til økonomi, økologi og arbeid med fiskereiskap.

Programfag 

Dette skuleåret har du dei yrkesretta programfaga fangst og kvalitet og fartøy og reiskapar. Det er strenge krav til den som ynskjer å føre og drive eit fiskefartøy når det gjeld tryggleik, navigasjon, instrumentbruk, kommunikasjon og handsaming av fisk. Utdanninga tek difor sikte på å førebu deg slik at du vert kvalifisert til å møte desse krava.

Læreplan i vg2 fiske og fangst.

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

Praksis

I løpet av skuleåret er vi fire veker på forskingstokt i lag med Havforskningdirektoratet om bord på skulen sitt eige fartøy, Skulebas.
Det førgår frå Egersund i sør til nord for Rørvik. I tillegg til dette er vi også på Lofotfiske i tre veker. Då får du leve og bu om bord i Skulebas, og på vegen besøker vi mange forskjellege byar og lærar praktisk navigasjon.

 

Tilbod om kurs

I løpet av skuleåret får du mogelegheit til å ta fritidsskipparsertifikat. Dette gjev rettigheit til å føre fritidsbåt opp til ei lengde på 24 meter.

 

Vegen vidare som lærling

Etter fullført vg2 fiske og fangst kan du ta fagbrev som fiskar. Les meir om yrket her.

Vegen vidare

Etter eit til to år på skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Etter to år på skule kan du også ta vg3 påbygg til generell studiekompetanse for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fullført fagbrev er du kvalifisert til å søke fagskuleutdanning Har du fagbrev innan fiske og fangst kan du dessutan søkje høgskule gjennom Y-vegen innanfor nautikk. Ynskjer du å gå vidare på høgskule/universitet etter du har tatt fagbrev kan du ta vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.