Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje restaurant- og matfag?
Her på skulen har vi eit kjøkken som bokstaveleg talt ligg midt i matfatet. Denne unike tilgangen til råvarer meiner mange er grunnen til at vi har så mange dyktige elevar ved linja vår.
Når du vel utdanningsprogrammet restaurant- og matfag får du ei allsidig utdanning som kan brukast over heile verda. Du utdannar deg til å kunne arbeide i kreative, spanande og internasjonale miljø. Hos oss får du osgå maritime kurs, slik at du er kvalifisert til å jobbe til sjøs både under utplassering og seinare som lærling.
Du kan få deg jobb som kokk, bakar, ferskvarehandlar, servitør og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
Vi tilbyr
Første året går du vg1 restaurant- og matfag som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss gå vidare på vg2 kokk- og servitørfag.