Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Elev som sveisar

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi- og industrifag?

Dersom du har praktisk sans, likar arbeid med verktøy og maskiner og er nysgjerrig på ny teknologi, då kan teknologi- og industrifag vere noko for deg! 

Moderne samfunnsliv er utenkjeleg utan mekaniske fag. Startar du eit utdanningsløp innan teknologi- og industrifag kan du seinare velje mellom 54 ulike fagbrev å utdanne deg i. Her på skulen har vi eit omfattande nettverk som set deg i kontakt med denne spanande verda av industri og teknologi.

Du kan velje mellom ei lang rekke fagbrev, og til dømes utdanne deg til jobb innan køyretøyfaget, anleggsteknikk, yrkessjåførfaget, oljebransjen, laboratoriefag eller på sjøen som matros eller skipsmotormekanikar. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 teknologi og industrifag som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss velje mellom to programområder:

  • vg2 køyretøy
  • vg2 maritime fag, valfag dekk eller maskin

Vg1 teknologi- og industrifag

Første året handlar om praktisk arbeid med ulike materialar, verktøy og maskinar, i tillegg til teikning både for hand og på data. Kvalitet og tryggleik er ein sentral del av opplæringa.

Programfag

I dei yrkesretta programfaga første året lærer du å bearbeide metall gjennom å dreie, frese, bore og sveise. Du vil lære å teikne ved hjelp av data og du skal kunne lese og forstå arbeidsteikningar. Vi vil også gjere øvingar i styringsteknikk som til dømes pneumatikk, hydraulikk og elektriske motorstyringar. 

Læreplan i vg1 teknologi- og industrifag

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

 

Praksis 

Gjennom heile skuleåret er det ei veksling mellom teori og praksis som legg eit godt grunnlag for vidare yrkesval. I det praktisk-teoretiske faget yrkesfagleg fordjuping får du innblikk i ulike fagområde enten på skulen eller som utplassert i bedrift, og lærarane vil rettleie deg slik at du får sette deg betre inn i dei mange vala du har etter vg1. 

Vg2 køyretøy

Du som vel å utdanne deg i køyretøyfaget møter både rutinearbeid og komplekse feilsøkingsoppgåver. I eit moderne køyretøy finn ein mykje elektronikk, og personbilparken vert meir og meir elektrifisert. Du må vere villig til stadig å lære om ny teknologi.

Programfag

Dei yrkesretta programfaga skal gje deg kompetanse innan motor, motorstyring, bilelektro, drivverk, bremser, understell, fjøring og hjulutrusting, karosseri, ramme og plastutrusting, bransjelære og kundebehandling.

Vi har mykje praktisk arbeid i vår eigen verkstad. Bilverkstaden vår er ein offentleg godkjent bilverkstad, og store delar av praksisopplæringa går difor føre seg på reelle kundebilar. Det stillast svært strenge krav til kvalitet i arbeidet.

Læreplan i vg2 køyretøy

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

Praksis

Du kan ha utplassering på verft eller på bilverksted for både lette og tunge kjøretøy. Det er også mogleg å få utplassering innan lakk og karosseri.

Etter vg2 køyretøy kan du velje mellom fleire ulike fagbrev. Her hos oss rekrutterar vi til tunge og lette køyretøy, motormekanikarfaget og reservedelsfaget. 

 

Vegen vidare som lærling

Etter fullført vg2 køyretøy kan du velje å gå ut i lære innan seks ulike fag. Les meir om yrker og kompetanser her.

Vg2 maritime fag

Dette er faget for deg som ynskjer ei spanande maritim karriere på havet, anten i styrhuset eller maskina. På maritime fag kan du velje fordjuping mellom to valfag:

  • Valfag dekk, Matrosfaget
  • Valfag maskin, Skipsmotormekanikarfaget

Valet om fordjuping tek du når skulen startar. Det er viktig at du har gjort deg nokre tanker om kva fordjuping du ynskjer før skulestart.

Programfag

Når du tek valfag dekk får du den kompetansen du treng for å kunne gå ut i lære som matros og arbeide ombord på eit fartøy. Du vil lære om vedlikehold av fartøy, fortøyningsoperasjonar, ankring, holde øvelsar og å gå vakter på brua. Gjennom skuleåret har vi mykje praktisk arbeid, hovudsakleg på skulen sitt eige fartøy. Vi reiser på seilas der du får lære om og øve på dei arbeidsoppgåvene du må kunne for å arbeide som matros. 

Læreplan i vg2 maritime fag

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

Utplassering

Vi har ei utplasseringsperiode på inntil fire veker der du får ein forsmak på di framtisige karriere. I denne perioda får du arbeide om bord på eit skip og tileigne deg verdifull yrkesrelevant erfaring. 

 

Tilbod om kurs

Det stillast høge sikkerhetskrav til å arbeide på sjøen. I løpet av skuleåret får du fleire relevante kurs som grunnleggende sikkerhetskurs, kurs for sjøfolk med særlige sikringsplikter, MOB og redningsfarkoster, stroppe- og anhukerkurs og radiosertifikat.

 

Krav om helseattest 

Det er krav om godkjent helseattest for å arbeide om bord på båt. Skulen arrangerar besøk av sjømannslege tidlig på skuleåret slik at alle elevar får utført naudsynt helsesjekk. For deg som ynskjer å arbeide som matros er det svært viktig at du har godt fargesyn. Dette anbefaler vi deg å undersøke før du startar på utdanninga. 

 

Vegen vidare som lærling

Etter fullført vg2 maritime fag matros kan du ta fagbrev som matros. Les meir om yrket her.

Programfag

Når du tek valfag maskin får du den kompetansen du treng for å kunne gå ut i lære som skipsmotormekanikar og arbeide ombord på eit fartøy. Gjennom skuleåret har vi mykje praktisk arbeid, med fast verkstadundervising kvar veke og tilgang til maskinromsimulator. I verkstadundervising skrur vi på motorar og maritimt utstyr.

Læreplan i vg2 maritime fag

Fellesfag

I tillegg til programfaga har du fellesfaga norsk, samfunnsfag og kroppsøving.

 

Utplassering

I løpet av skuleåret er elevane utplassert inntil 4 veker på båt langs norskekysten.

 

Tilbod om kurs

Det stillast høge sikkerhetskrav til å arbeide på sjøen. I løpet av skuleåret får du fleire relevante kurs som grunnleggende sikkerhetskurs, kurs for sjøfolk med særlige sikringsplikter og stroppe- og anhukerkurs.

 

Krav om helseattest

Det er krav om godkjent helseattest for å arbeide om bord på båt. Skulen arrangerar besøk av sjømannslege tidlig på skuleåret slik at alle elevar får utført naudsynt helsesjekk. 

 

Vegen vidare

Etter fullført vg2 maritime fag skipsmotormekanikar kan du gå ut i lære som skipsmotormekanikar. Les meir om yrket her.

Etter fullført fagbrev kan du gå to år på teknisk fagskule for å løyse maskinistsertifikat.

 

Vegen vidare

Etter to år på skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Du kan også ta vg3 påbygg til generell studiekompetanse for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fullført fagbrev er du kvalifisert til å søke fagskuleutdanning eller høgskule gjennom Y-vegen. Har du fagbrev innan matros kan du søkje høgskule gjennom Y-vegen innanfor nautikk. Har du fagbrev som skipsmotormekanikar kan du søkje høgskule gjennom Y-vegen innan marinteknisk drift. Ynskjer du å gå vidare på høgskule/universitet (der Y-vegen ikkje er eit alternativ) kan du ta vg4 påbygging til generell studiekompetanse. Du kan dessutan ta mesterbrev innan mange av bilfaga.