Hopp til hovedinnhold

Fiskerimuseet i Måløy

1 TAF-akva på besøk hos Fiskerimuseet i Måløy.

Måløy har eit fiskerimuseum som er ei skattekiste for dei som er interessert i fiskerihistorie, både nasjonalt, internasjonalt og ikkje minst lokalt. Å ha kunnskap om dette står på planen  til 1.TAF akvakultur, so eit besøk hos Nils Myklebust på museet var midt i blinken.  Han fortalde om kvifor Måløy har fått den viktige posisjonen innan fiskeri som den har, korleis eksporten av fisk har utvikla seg, og han kunne kome med ei og anna opplysning som gjekk rett inn i emnet navigasjon som TAF-elevane etter kvart skal begynne på.  Vi fekk sjå på gammalt fiskeutstyr og kommunikasjonsutstyr, høyre om korleis dei gamle «fiskebudene» fungerte og kva arbeid som vart utført der. Vi fekk og lære om oppstarten til pigghåfiske, noko som er ekstra spennande i og med at vår eiga fiske og fangst-klasse reiser med Skulebas på årlege pigghåtokt i lag med Havforskningsinstituttet for å kartlegge pigghåbestanden. 

Vi var mykje klokare då vi gjekk ut enn då vi kom inn, og då må vi kunne seie at det var ein god fagleg historietime.

Tusen takk for oss. -Kariann Myklebust Fagerli, TAF-Akvakultur.