Hopp til hovedinnhold

Hospitering for 9. klasse

Bilete av måløy vidaregåande skule

Måndag 20. og tysdag 21. mars er det 9. klasse sin tur for å hospitere her på skulen. I denne nyheitssaken vil du finne nyttig informasjon om hospiteringa inkludert program for alle utdanningsområda.

Vi ventar besøk av elevar fordelt på alle utdanningsområda våre. Lærarane har finpussa programma sine, og vi gler oss til å ta i mot alle. I lenkene nedst på sida finn du detaljert program for kvart utdanningsområde.

 

Velkomst og felles informasjon

Alle besøkande møter i Samfunnshallen kl. 10 måndag 20. mars til ein felles velkomst. Elevmentorane våre vil stå klare til å vise veg til Samfunnshallen, og etter fellesøkta vil elevar frå klassene vise veg til klasseromma.  

 

Lunsj

Besøkande elevar og lærarar får gratis lunsj begge dagar.

 

Klede/utstyr

Ver merksam på at det ved mange utdanningsprogram krevs at besøkande har med seg passande klede/utstyr. Informasjon om dette finn de i dei aktuelle programma. Ver venleg å les desse nøye.

 

Program

Bygg- og anleggsteknikk

Helse- og oppvekstfag

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Naturbruk

Restaurant- og matfag

Studiespesialisering

TAF/YSK akva

TAF/YSK helse

TAF/YSK industriteknologi

Teknologi- og industrifag

 

Hjerteleg velkommen til oss!