Hopp til hovedinnhold

Konsert med Sousou og Maher Cissoko imponerte elevane

Elevar saman med Sousou og Maher etter konserten

Gjennom den kulturelle skulesekken kom paret Sousou og Maher Cissoko på besøk og viste oss vestafrikansk musikk.

Alle Vg1-elevar var invitert til konsert 8. mai for å få høyre vestafrikansk musikk. 

Det blei spelt på eit instrument som heiter kora, ein vestafrikansk harpe. Paret var engasjerande og fekk med heile publikummet på å syngje og skape rytme. Elevane klappa med og fekk vere med på å bestemme kva dei skulle syngje. Sousou og Maher Cissoko sang både på wolof og mandinka, som er vestafrikansk språk, og på svensk, engelsk og fransk.

Elevane var imponerte over konserten, og elevar frå 1TIPB ville gjerne ta eit bilete saman med dei. Det er spennande å få presentert og lære om musikk frå andre kulturar, og sjå instrument som er ukjende for oss.

Du kan høyre dei på spotify "Sousou & Maher Cissoko", eller sjekke ut youtube-kanalen deira i lenkja her!

Takk for besøket!