Hopp til hovedinnhold

Open kveld for 10. klassingar og foreldre

Open kveld ved skulen vår tysdag 23. januar. Dette er for 10 klassingar og foreldre.

Open kveld på Måløy vidaregåande skule for elevar og føresette i 10. klasse!
 
Tysdag 23.januar 2024 kl. 18.00-20.00 arrangerer Måløy Vidaregåande skule open kveld for elevar på 10. trinn og deira føresette. Der vil dei få informasjon om utdanningsval og dei utdanningsprogramma skulen tilbyr, og dessutan litt om skulen generelt. Det vert også høve til å stille spørsmål.
 
Etter felles informasjon vert det lagt opp til at dei kan besøkje dei avdelingane dei ynskjer for å få grundigare informasjon om desse.
 
Informasjon om dei ulike studietilboda på skulen finn dei under «Utdanningstilboda våre» her på sida.
 
Plan for kvelden:
Kl. 18.00 Felles informasjon i Samfunnshallen
Ca. 18.30 Informasjon om og omvising på dei avdelingane dei ynskjer å besøkje
 
Vel møtt!
 
 
Det blir open skule på dei andre vidaregåande skulane i Nordfjord slik:
Firda – 16.01 kl. 18
Stryn – 17.01 kl.18
Eid – 24.01 kl.18