Hopp til hovedinnhold

MS Skulebas på seglas i veke 38

MS Skulebas ute på havet

Måndag 14.september legg vårt eige opplæringsfartøy, MS Skulebas, frå kai og reiser på seglas i regionen vår. I løpet av seglasen skal vi innom mange hamner, og i kvar hamn ønsker vi å invitere både elevar, føresette og innbyggjarane elles velkomen om bord på Ope skip. Her møter besøkande både elevar og lærarar som vil gi omvising på det flotte skipet vårt, i tillegg til å dele informasjon om skulen sitt mangfaldige tilbod.  

 

Størsteparten av mannskapet om bord er elevar på Vg1 Teknologi- og industrifag. For fyrste gong skal Vg1-elevane ha delar av den praktiske opplæringa si om bord på Skulebas. Dei tre klassene på skulen har kvar si veke på seglas, der målet er at dei på ekte vis skal få erfaring med livet på sjøen og få djupare innsikt i yrker innan maritime fag. Samstundes vil elevane kunne dele av sine kunnskapar og erfaringar. Dei vil fortelje om korleis skulekvardagen er, kva moglegheiter dei har for vidare utdanning og yrkesliv, og ikkje minst korleis det er å vere elev ved Måløy vidaregåande skule.


På dagtid vil vi ynskje 10. klasse og elevar på vidaregåande skule velkomen om bord, og på kveldstid held vi opent for alle som måtte ønsker det.

 

Seglasplan TIF veke 38 – rekrutteringstur vidaregåande og ungdomsskular

Dato og dag

Tidspunkt

Beskriving

Distanse og reisetid

Kommentarar

Måndag 14. sept.

08:30

Elevane om bord for brann og mønstringsøving (introduksjon må vere gjennomgått tidlegare).

 

 

 

10:00

Avgang Tennebø for Måløy

3,0 nm / 0,5 timar

 

 

10:30

Framkomst Måløy

 

 

 

12:00

Invitere Vågsøy Ungdomsskule/barneskulane

 

 

 

15:00

Avgang Måløy for Selje

11,0 nm/1,5 timar

 

 

16:30

Framkomst Selje

 

 

 

18:00

Ope skip Selje

 

 

Tysdag 15. sept.

11:00

Invitere Selje ungdomsskule

 

 

 

14:00

Avgang Selje for Leikanger

27,0 nm/3,0 timar

 

 

17:00

Framkomst Leikanger

 

 

 

18:00

Ope skip Leikanger

 

 

Onsdag 16. sept.

10:00

Invitere Stadlandet skule (ungdomstrinn)

 

 

 

14:00

Avgang Stadlandet for Fiskå

7,0 nm/1,0 time

 

 

15:00

Framkomst Fiskå

 

 

 

18:00

Ope skip Fiskå

 

 

Torsdag 17. sept.

10:00

Framkomst Åheim

 

 

 

11:00

Invitere Åheim skule (ungdomstrinnet)

 

 

 

13:00

Eventuell utflukt for elevar

 

 

Fredag 18. sept.

09:00

Avgang Fiskå for Tennebø + nedvask undervegs.

38,0 nm/4,25 timar

 

 

13:15

Framkomst skulen

 

 

 

13:15

Nedvask av Skulebas