Hopp til hovedinnhold

Sølvmedalje i NM i helsearbeidarfaget

Vinnarane Sunniva og Marit med medalje rundt halsen

I går, den 28. april, vann Marit og Sunniva i 2YSK 2. plass i NM i helsearbeidarfaget.

Elevane deltok i konkurranse i Skule-NM i helsearbdeiarfaget og konkurrerte mot sju andre lag. I konkurransen fekk dei i oppgåve å gje omsorg og forsvarleg sjukepleie til pasienten Bjørg som nyleg hadde hatt hjerneslag. Lærarane til elevane, Elivda Grabus og Ida Gangeskar, kan fortelje at elevane viste seg som utmerka yrkesutøverar. Det var gåsehud-faktor gjennom heile konkurransen, og resten av dagen. Det var utan tvil ein nevepirrande dag, både for elevar og lærarar. No er dei letta og kjempefornøgde med både innsatsen og resultatet. Vel heime på skulen blir det som seg hør og bør kakefest for dei flotte vinnarane. Vi er alle så stolte!