Hopp til hovedinnhold

Ung data undersøkelsen

Ungdata er ei undersøking som blir brukt over heile Noreg, og i år er elevar i den vidaregåande skulen i Vestland inviterte til å delta i undersøkinga.

Ungdata

Ungdata er ei undersøking som blir brukt over heile Noreg, og i år er elevar i den vidaregåande skulen i Vestland inviterte til å delta i undersøkinga. Sjå https://www.ungdata.no/hva-er-ungdata/

Måløy vidaregåande skule vil gjennomføre undersøkinga i veke 4 – 7. Undersøkinga blir gjennomført klassevis og vil ta ca 1 time.

Det er frivillig å delta, og er eleven under 18 år kan føresette gje melding til kontaktlærar om eleven som ikkje skal delta. Elevar som er 20 år eller eldre skal ikkje delta.

Resultata vil gje kunnskap som dei lokale styresmaktene kan bruke for å leggje betre til rette for ungdom. Data frå undersøkinga kan òg brukast i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å skaffe ny kunnskap om ungdommen sine liv og oppvekstvilkår.

Dei fleste spørsmåla i undersøkinga handler om korleis ungdomen har det, og kva dei brukar fritida på. Undersøkinga omfattar òg spørsmål om bruk av rusmiddel og om regelbrot og vald.

Alle svar vil bli behandla fortruleg – sjå personvernreglar: www.ungdata.no/personvern/

Her finn de informasjon til ungdommar og føresette: https://www.ungdata.no/informasjon-til-ungdom-og-foresatte/

Har de spørsmål knytt til undersøkinga kan skulen kontaktes på mobilnr: 41 53 08 32