Hopp til hovedinnhold

Ysk-akvakultur besøker Mowi sitt slakteri

Elever på besøk hos mowi

2.Taf/ysk-akvakultur var so heldige å få komme på besøk til Mowi sitt slakteri i Fosnavåg.

Der vart dei teken med på ei flott omvisning der dei fekk følgje fisken frå brønnbåten Ro Fjord og inn på slakteriet der den gjekk gjennom ulike prosessar før den vart ferdig pakka i kasser og sendt ut i den store verda. Dei fekk oppleve ein fabrikk som kombinerer det nyaste av teknologi med fagleg kunnskap hos mennesker. Det må bli eit bra produkt av slikt.

For dei som studerer akvakultur og som regel går på merdkanten og ser på fisken der, var det lærerikt å sjå kva som skjer med fisken etter at brønnbåten har henta den.

Vi takkar Hans Jakob Lande for flott omvisning, hyggeleg prat og god lunsj!